tirsdag 16. oktober 2012

Halleluja!!

Underens tid er ikkje forbi! Ikkje at eg er spesielt religiøs, men halleluja!! Dette har eg "venta" på. I den grad ein kan venta på seg sjølv.



Slik såg det ut i kjellaren for eit år sidan. Kunne vore eit bidrag til "Sinnasnekker`n". Og jammen trur eg han hadde vore sint, hadde han vore her :) :)



Men no er me ferdige (nesten, pittelitt småplukk som gjenstår)!!! Kjellaren er blitt tv-stove og eit soverom til eldstemann, som forøvrig måtte flytta heimante før han fekk nytt rom.






4-åringen har funnet seg godt til rette i saccosekken og kosar seg med Fantorangen. Herleg lun varme i gulvet.





Veggene er plata med ferdigmalte plater og laminat på gulvet. Ektorp sovesofa fra Ikea.





Lampen har eg kjøpt på Møbelringe, syns den var så stilig. Bordet er ei kiste som eg fekk for minst 10 år sidan, kjøpt på Baronessa.


Soverommet er ikkje så stort, men det er plass til det som trengs; 120 seng, nattbord og kleskap. Her er det også lun varme i gulvet.

Må sei eg er kanonfornøgd med egeninnsatsen. Me har gjort alt sjølv, utenom det elektriske, sjølvsagt.