torsdag 5. mai 2011

Pallebord med hjul

Min nylaga benk, treng jo eit bord!! Kikka tilfeldig innom Den gode feen, og ho hadde skrive om ein anna flott blogg; Fru Fjeldhammer`s kaos. Og ho hadde eit flott innlegg om pallebord! Den har eg kopiert!! Kjekt når andre legg ut sine tips, slik at me kan låna!


På ein kveldstur med ei veninne, gjekk me forbi mange paller utanfor ei bedrift. Dagen etter var eg på tlf og spurde kva dei skulle ha for ei palle, og svaret var at eg kunne ta så mange eg fekk med meg! Tok berre ei i fyrste omgang, men må kanskje ha ei til etter kvart.


Flaks at me har så bra vær for tida, slik at eg kan male utomhus! For jammen er det mykje svinn når eg held på! Plenen er heilt kvit, og hanskane likeså etter 2 min. Minstebrodern har fått i oppdrag å kjøpe hjul på Biltema. Glede meg til eg får dei!!




3 kommentarer:

  1. Tenkte på akkurat det samme for etpar dager siden :O)
    Og nå skal jeg GJØRE det, ser at du fikser dette - da må det vel gå bra her også, hihi.
    Klem, Anne:)

    SvarSlett
  2. Koselig at du er tilbake i bloggverdene igjen. Må sei eg er imponert over snekkarkunnskapane dine. Skikklig flotte saker du har laga. Gleder meg til åå følge deg videare.Nyt sommarværet me har, det gjere me:))

    SvarSlett