lørdag 21. april 2012

Fått ein naken mann...

.....i ein kopp.

Om ikkje alt for lenge vert eg vaksen, med andre ord, 40 år. 
Eg var innom Galleri Giga i forrige veke for å kjøpe nokre bursdagspresanger. Og heldige meg, gjekk ut med ein bursdagspresang til meg sjølv også! Snille tante som eig galleriet, gav meg denne stilige koppen, laga av Sarah Reed.



Uskuldig og romantisk på utsida. Og når du stikk nasa nedi så openbarar det seg ein splitter naken mann!! Haha, stilig, spør du meg! Falt for denne med ein gang, og då vart den med heim til meg sjølv, som gave fra tante!!



Brukskunst skal brukas, så denne skal fyllas med  alt som er godt å drikke, både varmt og kaldt. I følge min kjære har eg aldri drukke så fort opp nokon gang etter at eg tok i bruk denne!

Ha ei fin helg, med eller utan naken mann i koppen!!

fredag 9. mars 2012

Evig optimist


Me hadde nokre flotte dager, med sol, fuglekvitter og lukter av vår!!


Køyrde rett på butikken og kjøpte meg 2 potteliljer. Pynta og styla inngangspartiet. Vart så fornøgd.



Men hadde ikkje sett værmeldinga, for samme natt var det stiv kuling. Så lykter og skilt fauk vegimellom!!

Men ingenting tok skade av det. 
I dag er det ingenting som minnar om vår, det ausar ned og bles i alle retningar! Men inngangspartiet mitt, det seier vår!!

Ha ei flotte helg!

søndag 26. februar 2012

Glimt av vår



Denne helga har gitt oss eit glimt av vår! Laurdag la me nye takplater i kjellarstova. Sakte men sikkert nærmer me oss målet!


Etterpå var det ut og lage bål i bålpanna. Grilla pølser med pinnebrød. Herleg lunch/middag. Nokre solstrålar varma godt. 



I dag har eg og ungane vore ein tur til Røldal. Eldstemann i trekket, medan me andre var nede i Røldal ved campingvogna. Fantastisk dag, sol og fin temperatur, påskesteming. Her nyt jentene pølse og kakao i solveggen! Heimom nokre dagar, før me tek resten av vinterferien i campingvogna. Håpar berre været blir bedre enn meldingane seier.

torsdag 16. februar 2012

Madonna


Jippi!!
Har klart å skaffe meg billettar til Madonnakonserten som er i Oslo 15. august i år!
Gledar meg stort!
Synes ho er heilt rå og ein utruleg bra artist! 

mandag 13. februar 2012

Morsdag på jobb



Morsdagen i går, vart "feira" på jobb. Men vart vekka av eldstemann med nylaga kakao på senga! Herleg overrasking! Han var på full fart ut døra, skulle til fjells på ski!



Nydelege roser i flotte fargar!



Og så fekk eg dette hjertesmykke som eldstejenta hadde kjøpt på vegne av flokken min!

Eg fekk også ein stor Walters mandler no 156, den beste sjokoladen ever!! God å ha på ei 9 timars vakt på legevakta!


Håpar dåke alle hadde ein flott morsdag i går!

lørdag 11. februar 2012

Veggdyr

Veggdyr fins i ulike variantar. Eg likar best dei som er steindau og gjerne laga av nokon. Sånn som denne veggfisken min! 



 Eldstejenta kjøpte den til meg til jul. Den er berre så stilig! Den er laga av Turid Vikene, keramiker frå Stord.



Hjerteveggdyret er kjøpt i galleriet til tanta mi; Galleri Giga. Der er  det masse fint, både stort og lite, billig og dyrt. Alle vil finne  noko dei likar der. Ta turen innom neste gang du er på Leirvik, Stord.




Takk for du stikker innom, ha ein flott dag!


fredag 10. februar 2012

Heklateppe

Eg er utruleg dårleg på handarbeid, men mi snille svigermor, derimot, ho kan da! Eg fann ei oppskrift på Garnstudio, som eg synes var så fin! Spurte om ho ville hekla det til meg hvis eg kjøpte garn, og visps så
var det gjort!


  Det skal egentleg vera svart heklakant mellom alle rutene, men det fekk ho ikkje til, så då vart dei sydd saman. Synes det er herlege fargar og det varmer godt sjølv om det er luftig! Deileg å legge seg under for å ta ein kvil.


Om du vil lage deg eit slikt, finn du oppskrifta her.

Ha ein lun dag!