søndag 31. januar 2010

The winner is.....


Då  har eg hatt trekning på min give away.  Alle navn vart skrevne opp og lagt i ein bolle for høgtidleg trekning.  Med fanfare og trommevirvel i bakgrunnen!!  Men først ein kikk på premien :)

Ein rund boks fra Green Gate og  eit lysfat med eit vårleg lys på.

Og den heldige vinnaren er Herr og Fru Aunegård med den utruleg koslege bloggen Aunegårds lille krypinn.

Gratulera så mykje og tusen takk til alle dåke som har kikka innom bloggen min og kasta dåke med på trekninga! Kjempekoslig! 

Faktisk syns eg det var så kjekt at eg har bestemt meg for å gi ein ekstra premie, den er ikkje innkjøpt enda, så det får bli ei overrasking. Og den heldige er Rebekka Fj. Mæla med bloggen Mer enn bare ord. Den er verdt eit besøk om du ikkje har vore der alt!  

Send meg adressene dåkes, så kan eg få avgårde gavene i løpet av dei neste dagane!

Ha ein fin kveld og ei flott veke!!

søndag 17. januar 2010

Herlege vinterdagar



Me på Vestlandet har hatt ein  månad med fantastisk vintervèr!!  Skøyter, ski og akebrett har vore i bruk i lang tid.  Mange gode stunder med famile og venner, gjerne med eit bål som varmar.  Minstejenta i huset har fått ein vinter ho knapt kjem til å oppleve igjen, og vil kun sitte igjen med minner på bilder.  Så her gjeld det å knipse i veg!!

 

fredag 8. januar 2010

Give away!


Nærmar meg 1000 besøkande, og det har eg lyst å markere med ei lita trekning.  Kjekt at det er nokon som stikk innom bloggen min, sjølv om ikkje aktiviteten min på blogging har vore så høg som eg hadde tenkt. Travle kvardagar. Nyttårsforsettet kan jo vera å blogge litt oftere?

Reglane er som vanleg; 1 lodd for kommentar, 2 lodd for å følge i tillegg, og 3 lodd til deg som også linkar til bloggen din. 

Kva som vert premie, har eg ikkje heilt valgt ut enda, men det skal bli noko fint!

Trekning vert 31. januar.