søndag 11. april 2010

Lykken er....

.... å vakna opp til ein strålande vårdag med sol fra blå himmel. Og kunne tilbringe den med dei ein er glad i.  Me hadde oss ein flott formiddagstur til Fenafjell.

Turen gjekk via flotte Trollskogen, her skal me ha mange turar framover med minstejenta. Her synes ho det var kjekt!! Protesterte høgt då ho måtte tilbake i beremeisen før oppstiginga til toppen. Utskikta ein får på toppen, er magisk. På klare dagar kan ein sjå 7 kyrkjesokn, trur eg det var. Eller var det fleire?

 Etter heimkomst, var det middag i det fri og jobbing i hagen. Me skal ha konfirmasjon om 2 veker, så det er mykje som skal ordnes, både inne og ute. Og på toppen av det heile, kjem det gravemaskin i hagen i løpet av veka. Kan vel ikkje sei at det passar, men det er berre å hoppa i det! Har eit stort prosjekt i kjellaren, men må først få den tørr!!! 



2 kommentarer:

  1. Hei, For et nydelig sted!
    Fantastisk fine troll utskåret i tre :o)
    Klem, Anne:)

    SvarSlett
  2. Så stilig! Eg har faktisk aldri vore på Fenfjell, men pleier å gå opp på Kaldestadåsen frå Kaldestad.

    SvarSlett