fredag 10. februar 2012

Heklateppe

Eg er utruleg dårleg på handarbeid, men mi snille svigermor, derimot, ho kan da! Eg fann ei oppskrift på Garnstudio, som eg synes var så fin! Spurte om ho ville hekla det til meg hvis eg kjøpte garn, og visps så
var det gjort!


  Det skal egentleg vera svart heklakant mellom alle rutene, men det fekk ho ikkje til, så då vart dei sydd saman. Synes det er herlege fargar og det varmer godt sjølv om det er luftig! Deileg å legge seg under for å ta ein kvil.


Om du vil lage deg eit slikt, finn du oppskrifta her.

Ha ein lun dag!


2 kommentarer:

  1. Kjempeskjønt teppe. Koseleg blogg du har...
    Ha ein fine dag :)

    SvarSlett
  2. knaaaall fint teppe... har såå lyst på sånt i hvitt... og grått... kanskje eit brunt og... knis... :) nydelig!!

    SvarSlett