søndag 9. august 2009

Årets haustferie snart forbi

På kalendaren er sommaren på hell, men den har egentleg vore vekke dei 4 siste vekene... skikkeleg dårleg sommarfølelse med dette veret!!  Men me har kosa oss likevel, i nyinnkjøpt campingvogn, har me vore på "loffen" i 2 veker. Alle mann har storkost seg og funne seg godt til rette. Praktisk og greit, alt ein treng heng på slep. Og vi har kunne oppsøka stadar med sol, sjølv om ikkje varmen har vore så høg, har me hatt soldagar. 

Flotte dag i Dyreparken, med besøksrekord, 17000 besøkande den dagen. Me har det med på treffe på slike dagar! 

Nokre dagar i Bø, med innlagt stopp i badeland har me også hatt, til stor begeistring for dei 2 eldste.   

Med ei veke igjen av ferien, skal me kose oss, på tross av dårlege vermeldingar. Kanskje nytte på og invitere gode venner på besøk! Fin sommar vidare til deg!

1 kommentar:

  1. Takk for koselig kommentar på bloggen min! Kvinnheringar er ekstra velkommen *hi, hi* Godt å vite at eg kan surfte innom og kanskje få sjå nokre bilder eg kan drøyme meg vekk i når heimlengselen blir for stor... (Den har ikkje blitt mindre etter snart 20 år... Tvertimot!)
    Skal komme tilbake her og kikke meir! No er det stuntpakking på overtid. Hyttetur først - deretter Kristiansand. Satsar på litt mindre besøk kommande fredag enn det dåke hadde. Me (FrøPrinsesso og eg) skal nemlig ta HYLEREKORD i Tømmerrenna - og då må det kanskje fleire forsøk til... utan trøttande lange køar!
    Ha ein strålande dag!
    :O) FrueFrøet

    SvarSlett