I går gjorde eg det!! Eg kjøpte mine aller fyrste ting i Green Gate! Må le av meg sjølv, når eg tenker på synet! Der eg smaug meg langs hylla, kikka på koppane og lot fingrane stryke lett og flørtande over dei ulike mønstra. "Skal du få vera med heim, eller du?" Eller kanskje begge to, eller alle tre? Eg er ein monogamist, men ikkje her!!
Eg berre måtte ha med to heim. Og eg kjenner det var godt, putte dei i veska, ja, etter at eg hadde betalt, altså!!
I dag har vi hatt vår fyrste stund i lag, og det var koseleg!
Ha ein fin søndag!!