torsdag 10. desember 2009

I ein sofa fra Ikea....


Endeleg har me fått montert den nye sofaen vår.  Den har stått i garasjen nokre veker. Ikea i Åsane hadde ikkje stoffet til sjeselongen på lager. Men det hadde dei på  Forus, og heldigvis var det ei fantasktisk dame som tok seg bryet med å køyre innom og handle for oss. Tusen takk, Monica!!

Den gamle hadde gjort sin misjon. Utsleten, fillete og med sittegroper i!! Desutan var både farge, mønster og fasong noko harry etter kvart!!

Den nye sofaen er Karlstad med mørkt grå trekk som kan maskinvaskas, praktisk med ei lita i huset. Men nett no er det matforbud i sofaen og alle skal ha reine kle og nyvaksa hender før dei inntar posisjon!! Me får no nett sjå kor lenge det varer!! Til lørdag kanskje? For då brukar me jo alltid å spise god kvelds forran TV`en.  Jaja, eg kan jo berre vaska den!! 

Så gjenstår da berre å venta på trekket til lenestolen, som eg forhåpentlegvis får til jul, har ei utspent kusine i Bergen som må på Ikea for meg! 

Ha ei fin adventstid alle sammen, og ikkje slit dåke ut, da blir jul likevel!!

tirsdag 3. november 2009

Om å ta ansvar for seg sjølv

Kommunikasjon med andre mennesker gjer me heile dagen, til alle tider. Men veldig ofte vert det ein kommunikasjossvikt som fører til konflikt. Ofte "dumpar" (?) me opp i små konfliktar, enten med dei me deler hus med eller med feks kollegaer.  Eg har vore på seminar i dag, i kommunikasjon og konfliktløysing. Utruleg tankevekkande og lærerikt!  Psykolog Jan Atle Andersen, snakka i 3t, kunne sete i 3t til. Ikkje for da, eg har hatt gleda av å høyre han før, i 3 dagar til ende. Men likevel vil eg ha meir!! 

Av det han snakka om, er det 2 ting eg skal prøve å forbedre meg på! Må begynne i det små :o)

Eg skal ta ansvar for mine eigne følelsar og reaksjonar. Eg skal aldri (?) meir sei at nokon eller noko irriterar meg!!! Eg skal heller sei; eg lar meg bli irritert! Då gjer eg meg sjølv ansvarleg for den reaksjonene eller følelsen eg har. Nyttig taktikk, trur eg....

Det andre er at eg skal akseptere andre slik dei er.... Burde ikkje vore så vanskeleg, men veit eg ikkje alltid gjer det... 

Eg kan ikkje endre nokon andre enn meg sjølv,  og då skal eg byrja med det fra i dag av!!

God kommunikasjon til dåke alle i bloglandia!!

fredag 9. oktober 2009

Kjærlighetsfanget


Eg ynskjer meg eit bilde, ja helst alle desse, av Bjørg Thoraldsdottir.

Ho har så mange flotte bilder.  Det øverste heiter " Forfriskende samtale"


Dette bilde heiter "Rushtid"....

Kjøpte ei bok ho har skrevet tidlegare denne veka. Mange flotte dikt og nydlege bilder..... "Kjærlighetsfanget"  heiter den.


Dette er også eit flott bilde, det heiter "Forsonelse"

Dette flotte bilde heiter "Du kiler i magen min"

Ha ein fin kveld i kjærleikens teikn!! 

onsdag 30. september 2009

Puff Daddy




Eg er ingen kunstnar innan strikking, men denne skal visst alle amatørar også klare, i følge Tre Kusiner.

Så no har eg kasta meg rundt og bestilt garn, her var det mykje fine fargar å velge i! Så no er da å venta i spenning på pakke i posten.

Mulig eg må gå til mammo får å få lagt opp maskene :), eller finne det på nett kanskje! HEHE, ingen strikkar, som sagt!! 

Vil du prøve deg på ein slik stilig puff, så finn du oppskrifta her.

mandag 21. september 2009

....Mørkare tider...

Hausten er her for fullt. Har vel vore her lenge allerede. 


Mykje eg skulle gjort, både inne og ute. Forstår ikkje korleis eg skal rekke alt!!

 Har ein kjøpmannsdisk eg skulle ha malt kvit og skifta knottar på. Har til og med kjøpt maling og knott, for fleire veker sidan!!  Jobben tek for mykje tid! Men torsdag har eg fri, så då skal malingspannet opnas! Håpar eg!  Skal komme med før og etter bilder når jobben er gjort.

søndag 30. august 2009

Min aller fyrste



I går gjorde eg det!! Eg kjøpte mine aller fyrste ting i Green Gate! Må le av meg sjølv, når eg tenker på synet! Der eg smaug meg langs hylla, kikka på koppane og lot fingrane stryke lett og flørtande over dei ulike mønstra. "Skal du få vera med heim, eller du?"  Eller kanskje begge to, eller alle tre? Eg er ein monogamist, men ikkje her!! 

Eg berre måtte ha med to heim. Og eg kjenner det var godt, putte dei i veska, ja, etter at eg hadde betalt, altså!!

dag har vi hatt vår fyrste stund i lag, og det var koseleg!  

Ha ein fin søndag!!

fredag 28. august 2009

Green gate


Tenk lenge at eg skal velge meg noko i Green Gate som eg kan samle på. Men det er ikkje akkurat lett å velge.  Ja takk, alle sammen??

 Måtte innom Baronessa i dag for å kikke litt, og då trur eg eg fann det eg likte aller mest...

Likar veldig godt dette grå med kvite dottar på...

Eit anna som eg fall for var eit grønt med litt lilla på, fann ikkje noko bilde av det. Må kanskje innom igjen i morgon og kjøpe meg ein kopp og to. 

Takk for at du ser innom og kjekt med ein kommentar!

torsdag 27. august 2009

Norges tak


Eg har hatt mi livs naturoppleving!  Hatt ein fantastisk tur til toppen av Norge, Galdhøpiggen. Me fekk både skodde, snøvær undervegs og fantastisk sol då me nådde toppen!! Spennande oppleving å gå i taulag over Styggebreen. 

Siste oppstigning i bratt steinur var litt tungt, me kan sikkert skulda på den knalltynna lufta også!!

Draumen er å få ein ny tur til Norges tak om ikkje så alt for mange år!

onsdag 19. august 2009

Grågåsa på sør...


(bilde fra Kvasir)
I dag tidleg, då eg låg og utsette å stå opp, høyrde eg at grågåsa la kursen mot sør... hmm, då er da jo haust...

Ikkje for da, eg likar no egentleg hausten, med flotte fargar, klarare luft og kvardagen kjem inn i sin vante gange.  Det er noko eg gleder meg til, minstejenta på 14mnd er blitt den mammadalten i ferien, så det skal bli godt å få ho til å godta at andre også kan vera brukande!!

(bilde fra Kvasir)

Til helga skal eg og min kjære til Galdhøpiggen med Søral BIL. Det gledar me oss til!! Håpar på brukande vær, slik at me kjem oss til topps!!

søndag 16. august 2009

Gamle mugger


Eg liker gamle mugger, spesielt dei med ei historie. Har berre 3, men dei 3 er eg glad i. Eg har arva dei etter farmor og bestemor til mannen min. 

Søte er dei, syns eg.

Og her ser du mine fyrste dansesko!! Takk til mamma som tok vare på dei! Kosleg å ha! Men kan umuleg ha vore gode å ha på, knallstive!!

lørdag 15. august 2009

torsdag 13. august 2009

Flotte Etne!


Heile flokken var tidleg ? oppe i dag. Nokon tidlegare enn andre, 0615 er vel strengt tatt natt når ein har ferie! Me pakka i bilen og tok ferja til Skånevik. Me skulle nemleg vera med naboen på tur til Etne.

Kom opp til Berge og landskapet opna seg opp! For ei flott utsikt!! Me fekk sekkar og beremeis på ryggen og labba i veg. Men nokon var for late til å gå, så dei køyrde 4hjuling. Slappisar!! 

Trudde eg var litt sprek, men ansiktsfargen gjekk over i raud og tilslutt mørk lilla,ja, nesten blå då me kom opp! Var jammen meg tungt å ha vetlajenta på ryggen opp alle bakkane. Men eg tar det positivt, såg spor etter alle kaloriane eg hadde forbrendt då me gjekk ned att! :)

Etter grilling i sol, regn og vind, bar turen nedover bakkane. Ikkje lett å kle seg når veret skifta mellom vind, sol og regn 4 gonger i timen. Av og på med kle for alle mann.

Hausten har byrja visa seg i naturen, bugnar av sopp, blåbærlyng på hell og flott lyng. Likar hausten òg eg!

Har hatt ein kanondag i lag med kjekke venner!! Sånne er gode og ha!!

onsdag 12. august 2009

Turutfordring

Har tatt imot ei utfordring av Lise om å gå tur kvar dag denne veka! Det skal eg prøve på.  Mandag vart det ein joggerunde i skogen, godt etter gammalt, vore litt slapp i ferien.

I går vart det ein gåtur med vetlajenta mi i vogna. Alle monnar dreg :)

I dag har eg og heile familien vore til Brandvikvatnet i Blådalen. Veret kunne med fordel vore varmare, slik at ungane kunne fått bada. Men ikkje denne gangen.

Flaks at eg hadde putta 2 boxar med Lys Lapkaus i sekken, for fisken var god og mett i dag, og ville berre vake rundt snøret. 

Eg gjekk ein tur medan flokken prøvde fiskelukka. Masse blåbær, men ikkje noko eigna utstyr til å plukke i. I tillegg sovna vetlajenta i beremeisen, så då fekk eg berre gå og halde ho i bevegelse.

HA EI FIN KVELD, OG TA DEG EIN TUR!

tirsdag 11. august 2009

Raude roser


På tross av mykje nedbør, ser ikkje rosebusken min så verst ut! Og det er ikkje mi æra!! Har ein draum om ein flott hage med masse spennande som blømer til alle tider, nesten heile året!! 

Men eg er ingen gartner, leser uttallige artiklar og bøker om korleis eg skal angripe villnisset mitt!! Men veit ikkje kva ende eg skal byrja i.....

Med hausten i anmarsj kan eg kanskje bruka mørketida på å legge ein slagplan, som inkluderar ein minigravar, trur eg.....  Til neste vår får eg det kanskje til.... 

           Ha ein flotte dag!!

søndag 9. august 2009

Årets haustferie snart forbi

På kalendaren er sommaren på hell, men den har egentleg vore vekke dei 4 siste vekene... skikkeleg dårleg sommarfølelse med dette veret!!  Men me har kosa oss likevel, i nyinnkjøpt campingvogn, har me vore på "loffen" i 2 veker. Alle mann har storkost seg og funne seg godt til rette. Praktisk og greit, alt ein treng heng på slep. Og vi har kunne oppsøka stadar med sol, sjølv om ikkje varmen har vore så høg, har me hatt soldagar. 

Flotte dag i Dyreparken, med besøksrekord, 17000 besøkande den dagen. Me har det med på treffe på slike dagar! 

Nokre dagar i Bø, med innlagt stopp i badeland har me også hatt, til stor begeistring for dei 2 eldste.   

Med ei veke igjen av ferien, skal me kose oss, på tross av dårlege vermeldingar. Kanskje nytte på og invitere gode venner på besøk! Fin sommar vidare til deg!

tirsdag 9. juni 2009

Piano

Eg har ikkje teke det "piano" i det siste, men eg har kjøpt meg eit Piano. Har i mange år hatt lyst å kjøpa meg eit piano. Har hatt ein drøm om å læra meg dette vakre instrumentet.... No har eg sjansen. Dattera mi på 11 år har gått i lære eitt år no, men har stort sett øvt på eit keyboard, ikkje ideelt. Så no slo eg til på eit gammalt (?) piano. Blir spennande å sjå om eg har kjøpt katta i sekken når det skal stemmast.... jaja, det funkar til vårt bruk.