Viser innlegg med etiketten Nytelse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nytelse. Vis alle innlegg

torsdag 7. juni 2012

Menyen i 40 års dagen min

Menyen i min 40 årsdag, var enkel, men dog så godt!!

Mannen min fann ei kyllinggryte på nettet som me prøvde ut, og som virkeleg falt i smak! Gløymde heilt ut å ta bilder av maten, så har berre dette bilde som ligg på nettet der eg fann oppskrifta.



Eg serverte ris, foccatia og salat til gryta. Og gjestene fekk velge mellom 2 ulike raudvinar og kvitvin. Alle likte det kjempegodt, då det vart ein suksess!




Til dessert laga eg Panna Cotta med limemarinerte jordbær. Lekkert, smakfullt og lett å lage til i forkant.
Oppskrifta fann eg i min favorittmatblogg; Trines matblogg. Ein herleg blogg som virkeleg kan anbefales!!


40, flott og fantastisk

Eg hadde 40 års dag for nokre veker sidan. Og det var noko eg hadde gleda meg masse til! Inviterte mine aller beste venner til eit godt lag med god mat og vin.


Det å fylle 40, er ikkje noko eg synes er deprimerande. Faktisk synes eg det er heilt greit å fylle 40. Eg trives godt i livet mitt, og har ein flott mann og herlege barn. Eg har fantastiske venner som eg trives svært godt i lag med.
Venner som eg set pris på og som gir meg utruleg mykje. Eg er heldig som har mange og gode venner som eg kan le og gråte i lag med. Venner eg kan diskutere med, be om råd av. Og venner eg kan nyte livet i lag med. 



I tillegg har eg ein spennande og utfordrande jobb. Der eg har kollegar som er heilt eineståande! Kollegar som eg i løpet av dei to åra eg har jobba der, er blitt utruleg glad i. Gode kollegar som er flinke til å sjå kvarandre, og der stemninga og humøret er positivt gjennom travle og hektiske dagar.


Alt dette gjer at det er flott og fantastisk å fylle 40 år! Alder er  berre eit tal. Det er korleis ein har det i livet som avgjer korleis ein opplever alderen sin! 
Og har eg det flott og fantastisk, ja, då er eg vel flott og fantastisk også??! :)

Ha ein flott dag, folkens!!

mandag 13. februar 2012

Morsdag på jobb



Morsdagen i går, vart "feira" på jobb. Men vart vekka av eldstemann med nylaga kakao på senga! Herleg overrasking! Han var på full fart ut døra, skulle til fjells på ski!



Nydelege roser i flotte fargar!



Og så fekk eg dette hjertesmykke som eldstejenta hadde kjøpt på vegne av flokken min!

Eg fekk også ein stor Walters mandler no 156, den beste sjokoladen ever!! God å ha på ei 9 timars vakt på legevakta!


Håpar dåke alle hadde ein flott morsdag i går!

søndag 3. juli 2011

Blåsebobler

Blåsebobler er fasinerande, spennande og kjempegøy!!

Stor og små.. blanke, men likevel full av fargar...

Klarar å fange ei for å studere den ekstra....

Tithei, ser du meg, mamma?

torsdag 23. juni 2011

Vestlandsk St. Hans

I kveld har me feira St. Hans på brygga til naboen. Sola glimra med sitt fravær. Så minstajenta pakka seg godt inn eit teppe.

Men ho ville likevel bade, og var heldigvis fornøgd med at pappa duppa beina ned i sjøen. I følge temp.måler, er det faktisk 18 (?!) grader i sjøen. Fristar ikkje mykje, spør du meg.

Ungdommen derimot, synes det frista veldig. Og hoppa uti fleire ganger. Og det vart konkludert med at det var varmere under vatn enn over. Kan nok stemme det.,for det var ikkje varmt på land, i alle fall.


Men me håpar at sommaren snart kjem att, slik at me kan nyte fine dagar nede ved sjøen!

torsdag 5. mai 2011

Pallebord med hjul

Min nylaga benk, treng jo eit bord!! Kikka tilfeldig innom Den gode feen, og ho hadde skrive om ein anna flott blogg; Fru Fjeldhammer`s kaos. Og ho hadde eit flott innlegg om pallebord! Den har eg kopiert!! Kjekt når andre legg ut sine tips, slik at me kan låna!


På ein kveldstur med ei veninne, gjekk me forbi mange paller utanfor ei bedrift. Dagen etter var eg på tlf og spurde kva dei skulle ha for ei palle, og svaret var at eg kunne ta så mange eg fekk med meg! Tok berre ei i fyrste omgang, men må kanskje ha ei til etter kvart.


Flaks at me har så bra vær for tida, slik at eg kan male utomhus! For jammen er det mykje svinn når eg held på! Plenen er heilt kvit, og hanskane likeså etter 2 min. Minstebrodern har fått i oppdrag å kjøpe hjul på Biltema. Glede meg til eg får dei!!




onsdag 4. mai 2011

Comeback

Har hatt ein usansynleg lang blogg-tørke!! Har vore innom mange kjekke blogger og henta inspirasjon og gode idear. No er lyse, både ute og inne på topp! Og eg er motivert for å ta tak i ting og tang som skulle vore gjort, og som eg har lyst å gripe tak i.


(Utsikt fra nye benken)

Me har ein stor terasse som me aldri har funne møblar til, slik som me (eg ) vil ha det. Så til slutt fann eg ut at eg har tross alt ingeniørblod i årane, så dette må eg vel få til?? Kikka i bloggar og søkte på nettet. Men fann ikkje nett det eg ville ha i fht kunskap, ferdighet og økonomi. Så då måtte eg designa noko sjølv. Og her ser du resultatet.





Når den har fått tørka litt, skal den malast kvit. Eg er ganske fornøgd med egeninnsatsen. Har bestemt meg for å lage ein til, men den skal vera litt lengre. Då vert det ein kosleg krok på terassen med ei strålande utsikt.

lørdag 12. juni 2010

Herlege tider

Vetla snuppo vår er snart to år!  Tida fyker!  Eg synes dette er ei flott tid!  Sjarmerande, viljesterk og eit, stort sett, uforståeleg språk!!  Bablar i veg, peikar og fektar!  Smiler og ler!! Gode kosejenta vår!


søndag 17. januar 2010

Herlege vinterdagar



Me på Vestlandet har hatt ein  månad med fantastisk vintervèr!!  Skøyter, ski og akebrett har vore i bruk i lang tid.  Mange gode stunder med famile og venner, gjerne med eit bål som varmar.  Minstejenta i huset har fått ein vinter ho knapt kjem til å oppleve igjen, og vil kun sitte igjen med minner på bilder.  Så her gjeld det å knipse i veg!!

 

tirsdag 3. november 2009

Om å ta ansvar for seg sjølv

Kommunikasjon med andre mennesker gjer me heile dagen, til alle tider. Men veldig ofte vert det ein kommunikasjossvikt som fører til konflikt. Ofte "dumpar" (?) me opp i små konfliktar, enten med dei me deler hus med eller med feks kollegaer.  Eg har vore på seminar i dag, i kommunikasjon og konfliktløysing. Utruleg tankevekkande og lærerikt!  Psykolog Jan Atle Andersen, snakka i 3t, kunne sete i 3t til. Ikkje for da, eg har hatt gleda av å høyre han før, i 3 dagar til ende. Men likevel vil eg ha meir!! 

Av det han snakka om, er det 2 ting eg skal prøve å forbedre meg på! Må begynne i det små :o)

Eg skal ta ansvar for mine eigne følelsar og reaksjonar. Eg skal aldri (?) meir sei at nokon eller noko irriterar meg!!! Eg skal heller sei; eg lar meg bli irritert! Då gjer eg meg sjølv ansvarleg for den reaksjonene eller følelsen eg har. Nyttig taktikk, trur eg....

Det andre er at eg skal akseptere andre slik dei er.... Burde ikkje vore så vanskeleg, men veit eg ikkje alltid gjer det... 

Eg kan ikkje endre nokon andre enn meg sjølv,  og då skal eg byrja med det fra i dag av!!

God kommunikasjon til dåke alle i bloglandia!!

søndag 30. august 2009

Min aller fyrste



I går gjorde eg det!! Eg kjøpte mine aller fyrste ting i Green Gate! Må le av meg sjølv, når eg tenker på synet! Der eg smaug meg langs hylla, kikka på koppane og lot fingrane stryke lett og flørtande over dei ulike mønstra. "Skal du få vera med heim, eller du?"  Eller kanskje begge to, eller alle tre? Eg er ein monogamist, men ikkje her!! 

Eg berre måtte ha med to heim. Og eg kjenner det var godt, putte dei i veska, ja, etter at eg hadde betalt, altså!!

dag har vi hatt vår fyrste stund i lag, og det var koseleg!  

Ha ein fin søndag!!

tirsdag 11. august 2009

Raude roser


På tross av mykje nedbør, ser ikkje rosebusken min så verst ut! Og det er ikkje mi æra!! Har ein draum om ein flott hage med masse spennande som blømer til alle tider, nesten heile året!! 

Men eg er ingen gartner, leser uttallige artiklar og bøker om korleis eg skal angripe villnisset mitt!! Men veit ikkje kva ende eg skal byrja i.....

Med hausten i anmarsj kan eg kanskje bruka mørketida på å legge ein slagplan, som inkluderar ein minigravar, trur eg.....  Til neste vår får eg det kanskje til.... 

           Ha ein flotte dag!!

tirsdag 9. juni 2009

Piano

Eg har ikkje teke det "piano" i det siste, men eg har kjøpt meg eit Piano. Har i mange år hatt lyst å kjøpa meg eit piano. Har hatt ein drøm om å læra meg dette vakre instrumentet.... No har eg sjansen. Dattera mi på 11 år har gått i lære eitt år no, men har stort sett øvt på eit keyboard, ikkje ideelt. Så no slo eg til på eit gammalt (?) piano. Blir spennande å sjå om eg har kjøpt katta i sekken når det skal stemmast.... jaja, det funkar til vårt bruk.


tirsdag 28. april 2009

La humla suse... og min fyrste award !!

Nok ein nydeleg dag på Vestlandet... Har vore ein strålande april :o) I går hadde eg ein "skogsryddar" på besøk, har endeleg fått tilbake den flotte utsikta vår!! Godt å sitje og sjå utover fjorden, fuglane kvitrar høgt og humla susar rundt fra morelleblom til morelleblom.



Har så mange ting eg ville ha gjort i hagen min... men kor skal eg byrja?? Får sitja og sjå på utsikta litt til, og planlegga litt... Halve arbeidet er vel ein plan?!



Jaja, eg får setje planen ut i livet i morgon, kanskje... :o)


Og så har eg jo fått min fyrste Award!!! Tusen takk til 4 små http://4smaa.blogspot.com/

Her utdypes det hva denne awarden gjelder:"Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET - nærhet i rom, tid og forhold.Disse bloggerne er usedvanlige, sjarmerende og søte, og formålet er å finne og å være venner.De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg.Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til seks bloggere, som igjen må velge seg seks nye.Inkluder denne teksten i utmerkelsen deres."

Ser mange har fått denne utmerkelsen, men eg sender den vidare, sikkert til nokon som allerde har fått den. Men gode ting kan ikkje seiast for ofte :o)

http://josefinesquilts.blogspot.com/

http://4smaa.blogspot.com/


http://rodihob.blogspot.com/

http://tineskreativehjorne.blogspot.com/

http://malins-inspirasjon.blogspot.com/

http://emmelines.blogspot.com/

Ha ein finfin kveld!!




fredag 17. april 2009

Duggvått i graset, eg vandrar berrføtt...

Var ute og hengte opp kle i dag tidleg, i slippers, kjente eg vart våt på beina.... Herleg med dugg-vått gras! Er sommar for meg då! Dessutan kom eg til å tenkje på sangen til Bjørn Eidsvåg, min store favoritt. Ein av dei finaste tekstane hans, synes eg...



LIVSKÅTE FUGLAR
Livskåte fuglar, duggvått i graset eg vandrar berrføtt.
Skogen e vakker, livet e villigt og eg skimtar lysgløtt
Tenk å ha vore her med heile meg
anda inn livet så tett innte deg
lugge i graset og latt fjørå brusa
vore heilt edru, og likavel rusa
eg tør det ikkje
eg e redd for livet

Livskåte fuglar, duggvått i graset
eg vandrar berrføtt
Skogen e vakker, livet e villigt
og eg skimtar lysgløtt
Me får'kje vore her med heile oss
me kan ikkje elska, me kan ikkje sloss
for med eit knips kan dei stoppa tidå
alt me drøyme blir feid te sidå
me kan'kje leva - me e redd for dauden
Na na na na na ...
Tenk å ha vore her med heile meg
anda inn livet så tett innte deg
lugge i graset og latt fjørå brusa
vore heilt edru, og likavel rusa
eg tør det ikkje eg e redd for livet
tør ikkje leva e så redd for livet
tør ikkje leva


Ein flott tekst til ettertanke... grip dagen, nyt dei små augneblinka. Våg og lev livet ditt slik du vil . Du har berre denne eine sjansen....


Som tenkt, så gjort. Eg hadde fått våte tær og følelse av sommar. Måtte laga meg ein deilig Bringbærsmoothie.....

...forfriskande god.....


... som eg delte med vetlajento...

smootiebart og -lugg.....


HA EIN FLOTT VÅRDAG OG NYT LIVET...