tirsdag 25. oktober 2011

Bestemor, liksom!!



Det tek på å vera på topp heile tida! Småbarnsmor, tenåringsmor, husmor og arbeidande sjukepleiar. 40-års krisa nærmar seg med stormskritt. Kledelege smilerynker (dei er det mange av, for eg smiler heile tida, altså!). Byrjande grå hår, som ein bruker mykje pengar på å skjule. Mørke ringar under augene som vert kamuflert etter alle kunstens reglar.

Men kva skjer?!?! Når eg, som er er langt fra 40 (les: 6 mnd og 28 dager til), kjem for å hente minstejenta på 3 år i barnehagen, blir møtt med følgande kommentar fra ein 5 åring. " E du mammo til Sigrid??! Trudde du var bestemoro, eg!!" Takk skal du ha!! Nei, til 40 års dagen vert det plastisk oprasjon, butox og silikon! Og det aller verst, er jo at det er ikkje første gangen eg får spørsmål om det er barnebarnet mitt, faktisk tredje.!! Og eg som trudde eg var litt fresh og sporty! Så feil kan ein ta.

søndag 18. september 2011

Kaoskontroll


Har i lang, lang tid, ja, faktisk, månadsvis, tenkt at eg skulle hatt ein container i tunet! Ikkje for da at dei er så veldig fine, men desto meir praktiske!! 
Eg tok skeia i eiga hand, bestilte container og deretter sendte melding til mannen om at til helga skulle det ryddes!!!

 Det har seg nemleg slik at min bedre halvdel, ikkje er noko vidare god på kasting av ting og tang! Han har sterk tilknytning til alt og alt har ein affeksjonsverdi!! Mens eg er meir: " Hiv da!! Blir aldri brukt til noko!" Kan jo ikkje fylla eit hus opp med gamle ting fordi det gir gode minner? Nei, då seier eg heller, det du ikkje kan hugse utan gjenstanden, er ikkje verdt å hugse. Ein kan evt ta eit bilde av det og lage ei minnebok.

Dag ein starta med frisk mot, i alle fall hos meg! Men det vara ikkje lenga! Etter få minuttar var diskusjonen i gang! Og eg tenkte at kanskje container var i mesta laget, når mann og , ganske uvventa, sønn også hadde ein trang til å samle på ting. Etter ein time var mannen borte, han klarte ikkje sjå på alt som vart kasta, han raka plenen i staden.



Men innimellom alt skrotet, dukka det jo opp ting som var for gode til å kastas! Sjølv i mine auge! Mykje er "godt brukande", og skal på loppemarked ved neste anledning.  Og noko skal kanskje få komme ned fra loftet og fram i lyset. Lurer på om eg skal plassere denne kofferten i stova. Den var halvfull av gamle blader, som ikkje skal kastas, med det første. Det er liksom 3 B`ar som får bli; Bøker, Bilder og Blader.


 Synes den var litt stilig, ikkje at eg heilt veit kva eg skal bruke den til! Kanskje ha blader i??



Men denne store julemusa, hadde blitt gnagd på av ein artsfrend, så den endar sine dagar på søppeldynga.

Etter to dagar med kasting og rydding, er eg litt lettare til sinns, medan mannen er tilsvarande tung til sinns. Containeren skal få stå nokre dagar til, har fortsatt "litt" som skal kastas!

Og eg glede meg! Blir litt stressa av å ha ein masse ting som eg ikkje veit kor eg skal gjera av, eller kortid eg skal få brukt det! Nei, få det ut!!


søndag 21. august 2011

Bord ute og bord inn....


Sommer er over her på vestlandet. Og eg kan ikkje akuratt sei at den var spesiell lang og varm. Faktisk trur eg ikkje me treng alle fingrane på begge nevane for å telje dagane. Men me hadde no vet til å reise vekk i ferien, så me fekk no sol.


Eg har tidlegare blogga om pallebordet eg laga på forsommaren. Ikkje har det vore mykje i bruk heller. Så då slo tanken meg, som eg lyfta for min mann: " Me skal ikkje ta inn pallebordet då? ". Kor på han svarar: "Hææ!! Inn her?? Kor skal du ha da??" Kjapt svarar eg: "Der, i staden for stovebordet!" (som den mest logiske forklaring!) Tørt svarar han: "Ja, da sku teke seg ut, stabla folk rundt ei palla for å drikka kaffi og eta kaka!" Det einaste eg kom på som sluttargument var: "Da e andre òg som har da!!" Og der var diskusjonen død.



Her er ei av "dei andre" som har fått lov til å ta palla inn i stova, Fru Fjeldhammer`s kaos. Ein kjempeflott og inspirerande blogg.


Så forløpig står pallebordet ute, men me får no sjå :)


søndag 3. juli 2011

Blåsebobler

Blåsebobler er fasinerande, spennande og kjempegøy!!

Stor og små.. blanke, men likevel full av fargar...

Klarar å fange ei for å studere den ekstra....

Tithei, ser du meg, mamma?

torsdag 30. juni 2011

Det er stas å bli 3 år!

Minstajento vart 3 år denne veka. Den er feira i, ikkje mindre enn, 4 dagar!! Ho har kosa seg frå morgon til kveld, med familie, vener og barnehage. Dagen starta med at alle i flokken lista seg inn til senga hennes for å syngje bursdagsongen. Me måtte synga den 3 gonger før ho vakna, Men kom igjen dei morgonane me vil at ho skal sove frampå, då er ho klar som berre det, lenge før fuglane kvitrar. Overraskinga var stor då det sto ein ny STOR sykkel i garasjen! Ikkje lett å få ho i hus etter at den vart funnen fram.


Pakkar ope pakke etter pakke......


Hjelpsom i kakebakinga..... "smaker godt!" (melkereklamen er ein favoritt her i huset) :)



Smileballongar i lang rekke.....

Og etter 2 dagar som 3 åring, kom ho springane med 4 fingrar i været og sa: "eg snart 4 år!!"


torsdag 23. juni 2011

Vestlandsk St. Hans

I kveld har me feira St. Hans på brygga til naboen. Sola glimra med sitt fravær. Så minstajenta pakka seg godt inn eit teppe.

Men ho ville likevel bade, og var heldigvis fornøgd med at pappa duppa beina ned i sjøen. I følge temp.måler, er det faktisk 18 (?!) grader i sjøen. Fristar ikkje mykje, spør du meg.

Ungdommen derimot, synes det frista veldig. Og hoppa uti fleire ganger. Og det vart konkludert med at det var varmere under vatn enn over. Kan nok stemme det.,for det var ikkje varmt på land, i alle fall.


Men me håpar at sommaren snart kjem att, slik at me kan nyte fine dagar nede ved sjøen!

mandag 13. juni 2011

Kvalitetstid


Då var langhelga over! Veret kunne med fordel vore meir stabilt! Eg har sprunge i skytteltrafikk, inn og ut med benkeputene fleire gonger om dagen! Må få meg ein putekasse. Den eg har er allerede heilt full.


Me har kosa oss i lag med gode venner. Grilling i øya med ein gjeng. Vinsmaking på kvelden med eit anna venepar. Og kakespising hos gode vener i dag! Herleg å tilbringe kvalitetstid med gode venner!

No håpar eg snart at det vert litt varmare og ikkje minst, tørrare kveldar, slik at eg kan tenne lyktene mine når sola går ned. Kjenne stilheten og roen. Og helst ha eit knippe av dei eg er glad i rundt meg.

tirsdag 31. mai 2011

Endeleg!

Etter 3 veker med regn, vind og snittemp på 7 grader, kom endeleg sola fram i dag!!

Og endeleg kunne eg fylle benken min med alle dei nye putene. Snikra meg to benkar for nokre veker sidan, og har laga meg eit pallebord. Eldstemann i huset synes "bordet" er noko "Hillbilli". Men kortid vart tenåringar ekspertar på slikt?


Ein herleg krok er det blitt. Men eg planlegg å setje opp ein levegg. Er litt innsyn frå vegen. Håpar på varme og solrika dagar, der me kan nyta ei fantastisk utsikt.

Jula til bordet, er kjøpt på Jula, og ikkje stolen fra ein bossdunk, slik ein kamerat av meg trur. :)

Putene er kjøpt på Kid, masse herlege puter å velge i.

Yr. no lovar sol til helga, berre synd eg skal jobbe. Men fri på søndag, og då skal dagen nytast ute!!

fredag 13. mai 2011

Fotokonkurranse

Slenger meg på fotokonkurransen hos Mona Christins Side.


Regndråpar på eit haustblad.

tirsdag 10. mai 2011

På tide å setje poteter??

Eg er oppvaksen på eit pittelite småbruk, me hadde heile 3 ;) sauer då eg vaks opp. Me hesja graset, og me satte poteter. Så det var mange minner som kom fram då mamma kom dragande med desse kassane!!

Men i dag er det liten aktivitet i åkeren, og sikkert 25 år siden det var poteter i desse kassane, men flotte er dei!

Kan vel ikkje sei at eg synes det var kjekt å setje poteter eller ta dei opp, men er likevel glad for erfaringa i dag. Og det er jo gode minner når eg tenker tilbake på dei. Farmor og Farfar var alltid med, og pausane med heimelaga saft sit i alle fall godt i minnet.


Eg vil ha dei slik dei er, men har jo lyst å bruke dei til noko. Og dei er sjølvsagt fulle av mott!!! Så då lurer eg på, kor lenge må dei ligge frysaren før dei kan vera innomhus? Vil jo helst ikkje ha desse gnagarane fritt omkring.

torsdag 5. mai 2011

Pallebord med hjul

Min nylaga benk, treng jo eit bord!! Kikka tilfeldig innom Den gode feen, og ho hadde skrive om ein anna flott blogg; Fru Fjeldhammer`s kaos. Og ho hadde eit flott innlegg om pallebord! Den har eg kopiert!! Kjekt når andre legg ut sine tips, slik at me kan låna!


På ein kveldstur med ei veninne, gjekk me forbi mange paller utanfor ei bedrift. Dagen etter var eg på tlf og spurde kva dei skulle ha for ei palle, og svaret var at eg kunne ta så mange eg fekk med meg! Tok berre ei i fyrste omgang, men må kanskje ha ei til etter kvart.


Flaks at me har så bra vær for tida, slik at eg kan male utomhus! For jammen er det mykje svinn når eg held på! Plenen er heilt kvit, og hanskane likeså etter 2 min. Minstebrodern har fått i oppdrag å kjøpe hjul på Biltema. Glede meg til eg får dei!!




onsdag 4. mai 2011

Comeback

Har hatt ein usansynleg lang blogg-tørke!! Har vore innom mange kjekke blogger og henta inspirasjon og gode idear. No er lyse, både ute og inne på topp! Og eg er motivert for å ta tak i ting og tang som skulle vore gjort, og som eg har lyst å gripe tak i.


(Utsikt fra nye benken)

Me har ein stor terasse som me aldri har funne møblar til, slik som me (eg ) vil ha det. Så til slutt fann eg ut at eg har tross alt ingeniørblod i årane, så dette må eg vel få til?? Kikka i bloggar og søkte på nettet. Men fann ikkje nett det eg ville ha i fht kunskap, ferdighet og økonomi. Så då måtte eg designa noko sjølv. Og her ser du resultatet.





Når den har fått tørka litt, skal den malast kvit. Eg er ganske fornøgd med egeninnsatsen. Har bestemt meg for å lage ein til, men den skal vera litt lengre. Då vert det ein kosleg krok på terassen med ei strålande utsikt.