fredag 30. april 2010

Konfirmasjon

Sist laurdag hadde me konfirmasjon for fyrste gong. Det vart ein flott og minnerik dag.


Konfirmanten hadde valgt humanetisk konfirmasjon, og det var ein flott seremoni i Stord Kulturhus. Imponert over musikkinnslag og flott tale.


Var ei høgtidsam stund med fokus på ungdommen. Konfirmanten var storfornøgd med dagen. Sett inn nokre bilder av bordpynten.


God helg alle saman!


søndag 11. april 2010

Lykken er....

.... å vakna opp til ein strålande vårdag med sol fra blå himmel. Og kunne tilbringe den med dei ein er glad i.  Me hadde oss ein flott formiddagstur til Fenafjell.

Turen gjekk via flotte Trollskogen, her skal me ha mange turar framover med minstejenta. Her synes ho det var kjekt!! Protesterte høgt då ho måtte tilbake i beremeisen før oppstiginga til toppen. Utskikta ein får på toppen, er magisk. På klare dagar kan ein sjå 7 kyrkjesokn, trur eg det var. Eller var det fleire?

 Etter heimkomst, var det middag i det fri og jobbing i hagen. Me skal ha konfirmasjon om 2 veker, så det er mykje som skal ordnes, både inne og ute. Og på toppen av det heile, kjem det gravemaskin i hagen i løpet av veka. Kan vel ikkje sei at det passar, men det er berre å hoppa i det! Har eit stort prosjekt i kjellaren, men må først få den tørr!!! 



tirsdag 6. april 2010

Oppdagar stadig nye "ting"



Satt og surra på Fjesboka i ettermiddag, og dumpa tilfeldig innom denne gruppa. Annajohanna er ein kjempeflott nettbutikk, med utruleg mykje flott! Hmm, her fekk eg lyst å handla!!

Og då var jo vegen kort til den lika fine bloggen deirar Annajohanna - ting å bli glad i . Mange flotte innlegg. Denne bloggen vart ført til lista mi over bloggar eg likar å fylgja.