søndag 26. februar 2012

Glimt av vår



Denne helga har gitt oss eit glimt av vår! Laurdag la me nye takplater i kjellarstova. Sakte men sikkert nærmer me oss målet!


Etterpå var det ut og lage bål i bålpanna. Grilla pølser med pinnebrød. Herleg lunch/middag. Nokre solstrålar varma godt. 



I dag har eg og ungane vore ein tur til Røldal. Eldstemann i trekket, medan me andre var nede i Røldal ved campingvogna. Fantastisk dag, sol og fin temperatur, påskesteming. Her nyt jentene pølse og kakao i solveggen! Heimom nokre dagar, før me tek resten av vinterferien i campingvogna. Håpar berre været blir bedre enn meldingane seier.

torsdag 16. februar 2012

Madonna


Jippi!!
Har klart å skaffe meg billettar til Madonnakonserten som er i Oslo 15. august i år!
Gledar meg stort!
Synes ho er heilt rå og ein utruleg bra artist! 

mandag 13. februar 2012

Morsdag på jobb



Morsdagen i går, vart "feira" på jobb. Men vart vekka av eldstemann med nylaga kakao på senga! Herleg overrasking! Han var på full fart ut døra, skulle til fjells på ski!



Nydelege roser i flotte fargar!



Og så fekk eg dette hjertesmykke som eldstejenta hadde kjøpt på vegne av flokken min!

Eg fekk også ein stor Walters mandler no 156, den beste sjokoladen ever!! God å ha på ei 9 timars vakt på legevakta!


Håpar dåke alle hadde ein flott morsdag i går!

lørdag 11. februar 2012

Veggdyr

Veggdyr fins i ulike variantar. Eg likar best dei som er steindau og gjerne laga av nokon. Sånn som denne veggfisken min! 



 Eldstejenta kjøpte den til meg til jul. Den er berre så stilig! Den er laga av Turid Vikene, keramiker frå Stord.



Hjerteveggdyret er kjøpt i galleriet til tanta mi; Galleri Giga. Der er  det masse fint, både stort og lite, billig og dyrt. Alle vil finne  noko dei likar der. Ta turen innom neste gang du er på Leirvik, Stord.




Takk for du stikker innom, ha ein flott dag!


fredag 10. februar 2012

Heklateppe

Eg er utruleg dårleg på handarbeid, men mi snille svigermor, derimot, ho kan da! Eg fann ei oppskrift på Garnstudio, som eg synes var så fin! Spurte om ho ville hekla det til meg hvis eg kjøpte garn, og visps så
var det gjort!


  Det skal egentleg vera svart heklakant mellom alle rutene, men det fekk ho ikkje til, så då vart dei sydd saman. Synes det er herlege fargar og det varmer godt sjølv om det er luftig! Deileg å legge seg under for å ta ein kvil.


Om du vil lage deg eit slikt, finn du oppskrifta her.

Ha ein lun dag!


torsdag 9. februar 2012

Lengtar mot vår


Vore på handel i dag, og berre måtte kjøpa tullipanar! Flotte blomar som ropar vår!! Som sagt, så er eg glad i vinteren òg, men våren er berre den beste, 


Varmen fra sola, fuglane som kjem tilbake og skapar liv og lyd rundt oss. Herlege fargar som kjem, etter ein grå og fargelaus vinter.


Men fortsatt har me snø og kuldegrader, men då er det ekstra kjekt å lage god steming inne, tenne lys, fyre i ovnen og nyte tida.... 

Ha ein herleg dag!

tirsdag 7. februar 2012

Smak av sommer

Fridagen i lag med minsten vart brukt til blandt anna muffinslaging! Frysen full av blåbær som svigermor plukka til oss i sommar.

Mmmmmm, herlege, fylte med blåbær. 

Likar vinteren godt, men det skal no bli godt når det vårast!


mandag 6. februar 2012

Kritt-tavle på brannmuren



Etter lang dvale og null aktivitet på bloggen, er det på tide å finne fram blogglysta att. Høst og vinter har gått med til små og store prosjekt. Nokre tek lengre tid enn andre, og eg føler at me aldri kjem til å komme i mål. Held på å innrede kjelleren, mykje arbeid, og det aller meste skal me gjera sjølve. Bilder kjem etterkvart.

Men ein ting, som var fort gjort, var å lage ei kritt-tavle på brannmuren på kjøkkenet. Har lenge vore på jakt etter ei tavle eg kunne henge der, men fann aldri den rette. Så då kjøpt eg likegodt tavlemaling fra Panduro, og malte i veg. 
Malinga tørker fort, så to strøk var gjort i løpet av ein liten ettermiddag. No har me ein god plass til beskjedar, rett ved siden av kjølskapet. Der er jo dei fleste innom fleire ganger i løpet av døgnet, så ingen grunn til å ikkje få med seg meldingar.

Den gamle ovnsdøra er eg spesielt glad i. Den er fra ein gammel ovn der oldemora mi budde. Og eine tanta mi har laga små bilder som kjem til syne når ein opnar trekken. Heile luka er festa på ei kraftig ramme.