mandag 6. februar 2012

Kritt-tavle på brannmuren



Etter lang dvale og null aktivitet på bloggen, er det på tide å finne fram blogglysta att. Høst og vinter har gått med til små og store prosjekt. Nokre tek lengre tid enn andre, og eg føler at me aldri kjem til å komme i mål. Held på å innrede kjelleren, mykje arbeid, og det aller meste skal me gjera sjølve. Bilder kjem etterkvart.

Men ein ting, som var fort gjort, var å lage ei kritt-tavle på brannmuren på kjøkkenet. Har lenge vore på jakt etter ei tavle eg kunne henge der, men fann aldri den rette. Så då kjøpt eg likegodt tavlemaling fra Panduro, og malte i veg. 
Malinga tørker fort, så to strøk var gjort i løpet av ein liten ettermiddag. No har me ein god plass til beskjedar, rett ved siden av kjølskapet. Der er jo dei fleste innom fleire ganger i løpet av døgnet, så ingen grunn til å ikkje få med seg meldingar.

Den gamle ovnsdøra er eg spesielt glad i. Den er fra ein gammel ovn der oldemora mi budde. Og eine tanta mi har laga små bilder som kjem til syne når ein opnar trekken. Heile luka er festa på ei kraftig ramme. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar