søndag 26. februar 2012

Glimt av vår



Denne helga har gitt oss eit glimt av vår! Laurdag la me nye takplater i kjellarstova. Sakte men sikkert nærmer me oss målet!


Etterpå var det ut og lage bål i bålpanna. Grilla pølser med pinnebrød. Herleg lunch/middag. Nokre solstrålar varma godt. 



I dag har eg og ungane vore ein tur til Røldal. Eldstemann i trekket, medan me andre var nede i Røldal ved campingvogna. Fantastisk dag, sol og fin temperatur, påskesteming. Her nyt jentene pølse og kakao i solveggen! Heimom nokre dagar, før me tek resten av vinterferien i campingvogna. Håpar berre været blir bedre enn meldingane seier.

1 kommentar:

  1. Så kjekt at du vil vere med i "Giborten" min! Håpe lykka eg med deg når Random står for trekninga :D

    Koselig med litt vårpynt på trappa og! Det friskar liksom litt opp etter ein grå vinter..

    Pinnebrød er min favoritt rundt bålet.. og er etterkvart blitt ein uunværlig ingridiens når vi skal på tur!

    Kos deg i helga!
    Klem fra
    Kjersti

    SvarSlett