torsdag 7. juni 2012

40, flott og fantastisk

Eg hadde 40 års dag for nokre veker sidan. Og det var noko eg hadde gleda meg masse til! Inviterte mine aller beste venner til eit godt lag med god mat og vin.


Det å fylle 40, er ikkje noko eg synes er deprimerande. Faktisk synes eg det er heilt greit å fylle 40. Eg trives godt i livet mitt, og har ein flott mann og herlege barn. Eg har fantastiske venner som eg trives svært godt i lag med.
Venner som eg set pris på og som gir meg utruleg mykje. Eg er heldig som har mange og gode venner som eg kan le og gråte i lag med. Venner eg kan diskutere med, be om råd av. Og venner eg kan nyte livet i lag med. 



I tillegg har eg ein spennande og utfordrande jobb. Der eg har kollegar som er heilt eineståande! Kollegar som eg i løpet av dei to åra eg har jobba der, er blitt utruleg glad i. Gode kollegar som er flinke til å sjå kvarandre, og der stemninga og humøret er positivt gjennom travle og hektiske dagar.


Alt dette gjer at det er flott og fantastisk å fylle 40 år! Alder er  berre eit tal. Det er korleis ein har det i livet som avgjer korleis ein opplever alderen sin! 
Og har eg det flott og fantastisk, ja, då er eg vel flott og fantastisk også??! :)

Ha ein flott dag, folkens!!

3 kommentarer:

  1. Gratulerer med dagen som var!
    Lekkert bord du har dekket...
    Ha en fin søndag!
    klem

    SvarSlett
  2. Gratulera med overstått!så bra du ser sånn på ting og har så masse gode venner og arbeidskolega:))live begynner ved 40;)da slapper vi litt mer av og har erfaringer med at det går bra :))klem fra Eli:))

    SvarSlett