torsdag 7. juni 2012

Langvarig oppussingsprosjekt...

....nærmar seg slutten. I månadsvis har me halde på i kjellaren. Eg er faktisk ganske stolt, for eg har lese meg opp og gjort masse av det heilt sjølv.


Huset er bygd på slutten av 60-tallet, og me har hatt problemer med fukt i denne kjelleren. Har laga ny drenering og alle gode triks er prøvd ut.


Me enda opp med å legge platon-plast til innvendig bruk på gulv og utvendige vegger. Dette gjorde eg heilt sjølv! Styrte på i timesvis, men kjempegøy!



Etterpå la eg isopor og gulvplater.



Deretter var det reisverket. Internett og gjør-det-selv-bøker kom til nytte. Bunn- og toppsvill og stendere, nye ord lærer ein også!! :) Elektrikker har lagt ned varmekabler og klargjort for opplegg til strøm.



Litervis med maling til mur og panel. Nye ferdigmalte veggplater er satt opp og nytt laminatgulv og tak er lagt.




No gjenstår, listing, elektrikkeren sluttgjere jobben sin, og rommet skal deles av mellom dei to vinduene her, slik at me får eit lite soverom i tillegg til TV-stove.



Så plutseleg er kjelleren snart klar til bruk, og det treng me! For me har nemleg eitt soverom for lite. Minstajenta som snart er 4 år, bør snart få flytte på eige rom! :)

1 kommentar:

  1. Wao monica, dette vart så fint. Glede meg til å sjå interiøret :) go helg.

    SvarSlett