I fleire månader har minstejenta planlagt antrekk, meny og gjester. Å fylle 4 år er ingen liten sak! Prinsessefaktoren har auka drastisk dei siste månadane. Og det største ynskje var ei prinsessekake
Til min store fortvilelse, for eg er ingen konditor. Lager gjerne boller og kaker, men aldri noko mesterverk av nokre kaker som folk snakkar om i dagasvis til kjente og ukjente. Men gode kaker, altså! Men ein 4 åring må jo få ønske sitt oppfylt. Så i vekesvis har mor sete på nettet og googla prinsessekaker og henta nyttige tips både her og der. Og her er mitt "mesterverk"! 14 åringe var noko rysta over størrelsen på rompa til prinsessa, meinte det fekk vera måte på unormal størrelse. Men det måtte jo vera litt kake under stakken også?!
Etter lang venting var det bursdagsbarnet som skulle gjere sitt arbeid med å pynte prinsessa!
Prinsessecupcakes til fest i barnehagen, med rosa ostekrem, perler, hjerter og strøssel! Ho kunne knappast legge seg i går for ho var så spent på dagen i dag!
Blir aldri nok rosa og pynt når ein er 4 år og Prinsesse!!
No er prinsessa i seng og er stornøgd med dagen! Og i morgon er det nytt innrykk, da skal bestevenenne komme. Satsar på nokre solstråler, slik at dei kan springe rundt ute i hagen!
GRATULERA MED 4 ÅRING I HUSET!! KAKO SER JO SÅÅÅ FLOTT UT ..SÅ BRA AT SOLA ER HER I DAG LYKKE TIL MED FEIRINGA :))KLEM FRA ELI:))
SvarSlett可貸車價150%
SvarSlett銀行二胎代墊
周轉
低利貸款買車
汽車貸款首選
車貸線上客服
利率
全方位貸款
分期償還