fredag 30. juli 2010

Sjarmtrollet vårt

Dagane er fulle av apestreker, lure smil og eit glimt i auga!! Ho elskar å vera midtpunktet!


Me er ferdige med ferien for to veker siden, men håper på nokre soldagar til. Men det vert ikkje denne helga, ser eg på meldingane.



2-års dagen vart feira i campingvogna! Kaka med lys til frukost!!


Sa nokon "optisk lampe"? :) Kjempegøy og hoppe på trampolinen!

lørdag 12. juni 2010

Herlege tider

Vetla snuppo vår er snart to år!  Tida fyker!  Eg synes dette er ei flott tid!  Sjarmerande, viljesterk og eit, stort sett, uforståeleg språk!!  Bablar i veg, peikar og fektar!  Smiler og ler!! Gode kosejenta vår!


onsdag 26. mai 2010

Tikk takk....



Har lenge hatt lyst på ei klokke på veggen i stova/kjøkkenet.  Alltid nokon som lurer på kva klokka er, og det er ingen som har klokke på armen her i huset.

Ville ha ei klokke som var litt stor, ikkje for da, me har no ganske greit syn alle mann. Men ville ha ei klokke som viste igjen i rommet.

 Og det trur eg at eg fann!  Denne hadde dei på Baronessa, mange andre klokker der også, men det var denne eg likte best.

fredag 30. april 2010

Konfirmasjon

Sist laurdag hadde me konfirmasjon for fyrste gong. Det vart ein flott og minnerik dag.


Konfirmanten hadde valgt humanetisk konfirmasjon, og det var ein flott seremoni i Stord Kulturhus. Imponert over musikkinnslag og flott tale.


Var ei høgtidsam stund med fokus på ungdommen. Konfirmanten var storfornøgd med dagen. Sett inn nokre bilder av bordpynten.


God helg alle saman!


søndag 11. april 2010

Lykken er....

.... å vakna opp til ein strålande vårdag med sol fra blå himmel. Og kunne tilbringe den med dei ein er glad i.  Me hadde oss ein flott formiddagstur til Fenafjell.

Turen gjekk via flotte Trollskogen, her skal me ha mange turar framover med minstejenta. Her synes ho det var kjekt!! Protesterte høgt då ho måtte tilbake i beremeisen før oppstiginga til toppen. Utskikta ein får på toppen, er magisk. På klare dagar kan ein sjå 7 kyrkjesokn, trur eg det var. Eller var det fleire?

 Etter heimkomst, var det middag i det fri og jobbing i hagen. Me skal ha konfirmasjon om 2 veker, så det er mykje som skal ordnes, både inne og ute. Og på toppen av det heile, kjem det gravemaskin i hagen i løpet av veka. Kan vel ikkje sei at det passar, men det er berre å hoppa i det! Har eit stort prosjekt i kjellaren, men må først få den tørr!!! 



tirsdag 6. april 2010

Oppdagar stadig nye "ting"



Satt og surra på Fjesboka i ettermiddag, og dumpa tilfeldig innom denne gruppa. Annajohanna er ein kjempeflott nettbutikk, med utruleg mykje flott! Hmm, her fekk eg lyst å handla!!

Og då var jo vegen kort til den lika fine bloggen deirar Annajohanna - ting å bli glad i . Mange flotte innlegg. Denne bloggen vart ført til lista mi over bloggar eg likar å fylgja.

søndag 28. mars 2010

Endeleg kom våren!!


Me hadde oss ein flott tur i skogen i går. Endeleg kom våren til Kvinnherad!! Vinteren har vore usedvanleg lang, og snøen har lagt siden rett før jul. Så no var me veldig klar for vår. 

Me er så heldige som bur tett ved skogen og eit uttall av stiar og turløyper. Og endeleg kan me innta skogen til fots igjen. Har hatt nokre turar på ski i vinter, men det er lettare å komme seg fram utan ski og pulk i tett skog.