tirsdag 10. mai 2011

På tide å setje poteter??

Eg er oppvaksen på eit pittelite småbruk, me hadde heile 3 ;) sauer då eg vaks opp. Me hesja graset, og me satte poteter. Så det var mange minner som kom fram då mamma kom dragande med desse kassane!!

Men i dag er det liten aktivitet i åkeren, og sikkert 25 år siden det var poteter i desse kassane, men flotte er dei!

Kan vel ikkje sei at eg synes det var kjekt å setje poteter eller ta dei opp, men er likevel glad for erfaringa i dag. Og det er jo gode minner når eg tenker tilbake på dei. Farmor og Farfar var alltid med, og pausane med heimelaga saft sit i alle fall godt i minnet.


Eg vil ha dei slik dei er, men har jo lyst å bruke dei til noko. Og dei er sjølvsagt fulle av mott!!! Så då lurer eg på, kor lenge må dei ligge frysaren før dei kan vera innomhus? Vil jo helst ikkje ha desse gnagarane fritt omkring.

torsdag 5. mai 2011

Pallebord med hjul

Min nylaga benk, treng jo eit bord!! Kikka tilfeldig innom Den gode feen, og ho hadde skrive om ein anna flott blogg; Fru Fjeldhammer`s kaos. Og ho hadde eit flott innlegg om pallebord! Den har eg kopiert!! Kjekt når andre legg ut sine tips, slik at me kan låna!


På ein kveldstur med ei veninne, gjekk me forbi mange paller utanfor ei bedrift. Dagen etter var eg på tlf og spurde kva dei skulle ha for ei palle, og svaret var at eg kunne ta så mange eg fekk med meg! Tok berre ei i fyrste omgang, men må kanskje ha ei til etter kvart.


Flaks at me har så bra vær for tida, slik at eg kan male utomhus! For jammen er det mykje svinn når eg held på! Plenen er heilt kvit, og hanskane likeså etter 2 min. Minstebrodern har fått i oppdrag å kjøpe hjul på Biltema. Glede meg til eg får dei!!




onsdag 4. mai 2011

Comeback

Har hatt ein usansynleg lang blogg-tørke!! Har vore innom mange kjekke blogger og henta inspirasjon og gode idear. No er lyse, både ute og inne på topp! Og eg er motivert for å ta tak i ting og tang som skulle vore gjort, og som eg har lyst å gripe tak i.


(Utsikt fra nye benken)

Me har ein stor terasse som me aldri har funne møblar til, slik som me (eg ) vil ha det. Så til slutt fann eg ut at eg har tross alt ingeniørblod i årane, så dette må eg vel få til?? Kikka i bloggar og søkte på nettet. Men fann ikkje nett det eg ville ha i fht kunskap, ferdighet og økonomi. Så då måtte eg designa noko sjølv. Og her ser du resultatet.





Når den har fått tørka litt, skal den malast kvit. Eg er ganske fornøgd med egeninnsatsen. Har bestemt meg for å lage ein til, men den skal vera litt lengre. Då vert det ein kosleg krok på terassen med ei strålande utsikt.

søndag 29. august 2010

Stjernemøte!

A-ha inntok Bergen på laurdag, og me fekk vera med!! Ei minnerik og fantasktisk oppleving! Eg er no ingen blodfan, men eg likar musikken og synes det er imponerande det dei har prestert.


Dei presenterte ei flott show! Med stilige effektar og lyden var bra!! Om det var ein liten ting å sette fingeren på, så måtte det vera at dei kunne hatt litt meir kontakt med publikum. Tok tid før dei sa noko, og det var ikkje så mykje som vart sagt! Men bevares, det var ei flott oppleveing. 



Me var to venninner som tok jentene våre på 11,12 og 15 år med på konsert! Jentene hadde gleda seg stort i eit halvt år. Dattera mi var på sin første store konsert, og ho var full av inntrykk.  Sjølv om opplevinga av å stå som sild i tønne i lag med ca 10 000 som ville komme først inn på bussen, kanskje er ein ting me ville vore foruten! Bevaremegvel!!


Trøtte og fulle av gode minner sovna me med eit smil rundt munnene medan me nynna på strofar frå kveldens konsert.


(Bildene er lånt av BA.)

fredag 30. juli 2010

Sjarmtrollet vårt

Dagane er fulle av apestreker, lure smil og eit glimt i auga!! Ho elskar å vera midtpunktet!


Me er ferdige med ferien for to veker siden, men håper på nokre soldagar til. Men det vert ikkje denne helga, ser eg på meldingane.



2-års dagen vart feira i campingvogna! Kaka med lys til frukost!!


Sa nokon "optisk lampe"? :) Kjempegøy og hoppe på trampolinen!

lørdag 12. juni 2010

Herlege tider

Vetla snuppo vår er snart to år!  Tida fyker!  Eg synes dette er ei flott tid!  Sjarmerande, viljesterk og eit, stort sett, uforståeleg språk!!  Bablar i veg, peikar og fektar!  Smiler og ler!! Gode kosejenta vår!


onsdag 26. mai 2010

Tikk takk....



Har lenge hatt lyst på ei klokke på veggen i stova/kjøkkenet.  Alltid nokon som lurer på kva klokka er, og det er ingen som har klokke på armen her i huset.

Ville ha ei klokke som var litt stor, ikkje for da, me har no ganske greit syn alle mann. Men ville ha ei klokke som viste igjen i rommet.

 Og det trur eg at eg fann!  Denne hadde dei på Baronessa, mange andre klokker der også, men det var denne eg likte best.