søndag 30. august 2009

Min aller fyrste



I går gjorde eg det!! Eg kjøpte mine aller fyrste ting i Green Gate! Må le av meg sjølv, når eg tenker på synet! Der eg smaug meg langs hylla, kikka på koppane og lot fingrane stryke lett og flørtande over dei ulike mønstra. "Skal du få vera med heim, eller du?"  Eller kanskje begge to, eller alle tre? Eg er ein monogamist, men ikkje her!! 

Eg berre måtte ha med to heim. Og eg kjenner det var godt, putte dei i veska, ja, etter at eg hadde betalt, altså!!

dag har vi hatt vår fyrste stund i lag, og det var koseleg!  

Ha ein fin søndag!!

fredag 28. august 2009

Green gate


Tenk lenge at eg skal velge meg noko i Green Gate som eg kan samle på. Men det er ikkje akkurat lett å velge.  Ja takk, alle sammen??

 Måtte innom Baronessa i dag for å kikke litt, og då trur eg eg fann det eg likte aller mest...

Likar veldig godt dette grå med kvite dottar på...

Eit anna som eg fall for var eit grønt med litt lilla på, fann ikkje noko bilde av det. Må kanskje innom igjen i morgon og kjøpe meg ein kopp og to. 

Takk for at du ser innom og kjekt med ein kommentar!

torsdag 27. august 2009

Norges tak


Eg har hatt mi livs naturoppleving!  Hatt ein fantastisk tur til toppen av Norge, Galdhøpiggen. Me fekk både skodde, snøvær undervegs og fantastisk sol då me nådde toppen!! Spennande oppleving å gå i taulag over Styggebreen. 

Siste oppstigning i bratt steinur var litt tungt, me kan sikkert skulda på den knalltynna lufta også!!

Draumen er å få ein ny tur til Norges tak om ikkje så alt for mange år!

onsdag 19. august 2009

Grågåsa på sør...


(bilde fra Kvasir)
I dag tidleg, då eg låg og utsette å stå opp, høyrde eg at grågåsa la kursen mot sør... hmm, då er da jo haust...

Ikkje for da, eg likar no egentleg hausten, med flotte fargar, klarare luft og kvardagen kjem inn i sin vante gange.  Det er noko eg gleder meg til, minstejenta på 14mnd er blitt den mammadalten i ferien, så det skal bli godt å få ho til å godta at andre også kan vera brukande!!

(bilde fra Kvasir)

Til helga skal eg og min kjære til Galdhøpiggen med Søral BIL. Det gledar me oss til!! Håpar på brukande vær, slik at me kjem oss til topps!!

søndag 16. august 2009

Gamle mugger


Eg liker gamle mugger, spesielt dei med ei historie. Har berre 3, men dei 3 er eg glad i. Eg har arva dei etter farmor og bestemor til mannen min. 

Søte er dei, syns eg.

Og her ser du mine fyrste dansesko!! Takk til mamma som tok vare på dei! Kosleg å ha! Men kan umuleg ha vore gode å ha på, knallstive!!

lørdag 15. august 2009

torsdag 13. august 2009

Flotte Etne!


Heile flokken var tidleg ? oppe i dag. Nokon tidlegare enn andre, 0615 er vel strengt tatt natt når ein har ferie! Me pakka i bilen og tok ferja til Skånevik. Me skulle nemleg vera med naboen på tur til Etne.

Kom opp til Berge og landskapet opna seg opp! For ei flott utsikt!! Me fekk sekkar og beremeis på ryggen og labba i veg. Men nokon var for late til å gå, så dei køyrde 4hjuling. Slappisar!! 

Trudde eg var litt sprek, men ansiktsfargen gjekk over i raud og tilslutt mørk lilla,ja, nesten blå då me kom opp! Var jammen meg tungt å ha vetlajenta på ryggen opp alle bakkane. Men eg tar det positivt, såg spor etter alle kaloriane eg hadde forbrendt då me gjekk ned att! :)

Etter grilling i sol, regn og vind, bar turen nedover bakkane. Ikkje lett å kle seg når veret skifta mellom vind, sol og regn 4 gonger i timen. Av og på med kle for alle mann.

Hausten har byrja visa seg i naturen, bugnar av sopp, blåbærlyng på hell og flott lyng. Likar hausten òg eg!

Har hatt ein kanondag i lag med kjekke venner!! Sånne er gode og ha!!