lørdag 12. juni 2010

Herlege tider

Vetla snuppo vår er snart to år!  Tida fyker!  Eg synes dette er ei flott tid!  Sjarmerande, viljesterk og eit, stort sett, uforståeleg språk!!  Bablar i veg, peikar og fektar!  Smiler og ler!! Gode kosejenta vår!


onsdag 26. mai 2010

Tikk takk....



Har lenge hatt lyst på ei klokke på veggen i stova/kjøkkenet.  Alltid nokon som lurer på kva klokka er, og det er ingen som har klokke på armen her i huset.

Ville ha ei klokke som var litt stor, ikkje for da, me har no ganske greit syn alle mann. Men ville ha ei klokke som viste igjen i rommet.

 Og det trur eg at eg fann!  Denne hadde dei på Baronessa, mange andre klokker der også, men det var denne eg likte best.

fredag 30. april 2010

Konfirmasjon

Sist laurdag hadde me konfirmasjon for fyrste gong. Det vart ein flott og minnerik dag.


Konfirmanten hadde valgt humanetisk konfirmasjon, og det var ein flott seremoni i Stord Kulturhus. Imponert over musikkinnslag og flott tale.


Var ei høgtidsam stund med fokus på ungdommen. Konfirmanten var storfornøgd med dagen. Sett inn nokre bilder av bordpynten.


God helg alle saman!


søndag 11. april 2010

Lykken er....

.... å vakna opp til ein strålande vårdag med sol fra blå himmel. Og kunne tilbringe den med dei ein er glad i.  Me hadde oss ein flott formiddagstur til Fenafjell.

Turen gjekk via flotte Trollskogen, her skal me ha mange turar framover med minstejenta. Her synes ho det var kjekt!! Protesterte høgt då ho måtte tilbake i beremeisen før oppstiginga til toppen. Utskikta ein får på toppen, er magisk. På klare dagar kan ein sjå 7 kyrkjesokn, trur eg det var. Eller var det fleire?

 Etter heimkomst, var det middag i det fri og jobbing i hagen. Me skal ha konfirmasjon om 2 veker, så det er mykje som skal ordnes, både inne og ute. Og på toppen av det heile, kjem det gravemaskin i hagen i løpet av veka. Kan vel ikkje sei at det passar, men det er berre å hoppa i det! Har eit stort prosjekt i kjellaren, men må først få den tørr!!! 



tirsdag 6. april 2010

Oppdagar stadig nye "ting"



Satt og surra på Fjesboka i ettermiddag, og dumpa tilfeldig innom denne gruppa. Annajohanna er ein kjempeflott nettbutikk, med utruleg mykje flott! Hmm, her fekk eg lyst å handla!!

Og då var jo vegen kort til den lika fine bloggen deirar Annajohanna - ting å bli glad i . Mange flotte innlegg. Denne bloggen vart ført til lista mi over bloggar eg likar å fylgja.

søndag 28. mars 2010

Endeleg kom våren!!


Me hadde oss ein flott tur i skogen i går. Endeleg kom våren til Kvinnherad!! Vinteren har vore usedvanleg lang, og snøen har lagt siden rett før jul. Så no var me veldig klar for vår. 

Me er så heldige som bur tett ved skogen og eit uttall av stiar og turløyper. Og endeleg kan me innta skogen til fots igjen. Har hatt nokre turar på ski i vinter, men det er lettare å komme seg fram utan ski og pulk i tett skog.

søndag 14. februar 2010

Utfordring




Har fått ei utfordring av Snill pike

1. Åpne SMS innboksen på mobilen din.
2. Hold inne "bla- knappen" mens du teller til fem.
3. Den første setningen i meldingen du stoppet på skriver du inn som svar på på første spørsmål. Deretter holder du inne knappen mens du igjen teller til fem. Den første setningen i denne meldingen skriver du som svar på sp.mål 2. Osv...

Skulle egentlig sende den vidare til 5 andre blogger, men det dropper eg, ser det er mange som har hatt den allerede! Men det var morsomt å prøve den ut! Trakk på smilebandet nokre ganger. 

Hva sier du til sjefen din når du kommer for sent på jobb?

Nei her er da ikkje barn og mann som må omplasseras.

Hva forbinder du med ordet husarbeid?

ok


Hva sier du når du er på et offentlig toalett, og du oppdager for sent at det er fritt for dopapir?

-så då kan eg legga meg, altså?

Hva sier du hvis du er vitne til at en gammel dame sklir å brekker lårhalsen?

- Dåke sa dåke skulle henta meg!

Du tar kjæresten din på fersken med den annen. Hva sier du?

- Ja, da kan eg, takk for at du spurde.

Hva er din beste sjekkereplikk?

- Eg har allerede henta ho.

Hva svarer du hvis din kjære spør: "Vil du gifte deg med meg?"

-  Da er berre 1 og da er 85% sikkert at det er ein med tut :)

Hva har du å si til ditt forsvar?

- Eg må desverre melde avbud i morgonkveld.

Håpar dåke alle har hatt ein fin mor- fastelaven- og/eller valentinsdag. Her i huset feirar me berre dei 2 fyrste!! Som gubben seie da; "me feirar ikkje valentin og halloween, me går julabukk!"